Folkesong i Numedal.
Numedal har rike kulturtradisjonar. Dei fire stavkyrkjene, Kravik-lyra og den dekorative målarkunsten vitnar om velstand og kulturelle impulsar. Kravik-lyra kan ha vore akkompagnement til balladesong. Frå kyrkjene kom salmesongen. Klokkaren vart førebiletet for kjøkemeistaren. Religiøse vekkingar tidleg på 1800-talet la grunnlaget for ein særegen songtradisjon. I denne finn vi salmar skrivne av kvinnelege salmediktarar i Europa på 1600-talet. I den verdslege vokaltradisjonen dominerte bånsullar, stev og viser. I Ord og tonar er alt samla mellom to permar (hentet fra boksens bakside).